Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tysdag er det fullt fokus på beredskap

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. mai 2025

Tysdag 27. mai kjem Sivilforsvaret i Kristiansund på besøk til Surnadal. Her vil dei ha stand på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus. Her vil Sivilforsvaret vise fram utstyr dei har for å ivareta beredskapen i fall ein krisesituasjon, og korleis dei arbeider med beredskap og eigenberedskap.

I tillegg til at Sivilforsvaret i Kristiansund vil ha stand på kulturhusplassen, vil sanitetsforeningane i Surnadal og Todalen, Surnadal Røde Kors, Surnadal Brannvesen, Trygg heime koordinator Vibeke Warvik og kriseleiinga i Surnadal kommune ha stand på kulturhusplassen denne dagen.

Arrangørane har invitert elevar frå grunnskulane og vidaregåande, Pensjonistforbundet Surnadal og alle andre som vil høyre om eigenberedskap, og kor viktig dette er. Arrangørane håper at mange tek turen, og blir inspirert til å fokusere enda meir på eigenberedskap.

Håper på rekruttering

Frivillige organisasjonar er viktig og heilt avgjerande i beredskapsarbeidet og ein uunnverleg aktør under ein krisesituasjon, understreka brannsjef Tor Arne Moen. Både Surnadal sanitetsforening og Surnadal Røde Kors håpar på nye medlemmer og rekruttering. Rekruttering er heilt avgjerande for å kunne oppretthalde aktivitetane understreka dei to organisasjonane.

Ta turen på tysdag!

Arrangørane oppfordrar alle som har moglegheit til å ta turen på tysdag og sjå korleis Sivilforsvaret, kommunen og frivillige arbeider, for å vere så godt rusta som mogleg ved ein eventuell krisesituasjon.

Publisert: 23. mai 2025, 19:28