Tysdag inviterer Todalshytta til første balldagen i år. Søndag føremiddag da vi stakk innom Todalshytta var planlegginga i full gang. Sjølvsagt var Åse Grydeland Øyen der for å bidra med sin spisskompetanse og lange erfaring. Åse var nemleg drivar av Todalshytta i 11 år, og treng nok ikkje å lese oppskrifta for å laga til ei fole med potetball. Denne søndags føremiddagen bruka Åse og Stian til å sette opp handleliste for tysdagens balldag
Plana er at Åse skal være med som konsulent eller om du heller vil kalle det ekspert den første tida. Stian er genuint interessert i mat, og trur han kan lære dette fort. Men det kan ofte være ei stor utfordring å få rett konsistens på potetballen. Som tilbehør blir det kjøttpølser og løk. Men på handlelista var det både potet, gulrot, kålråbi, krydder og mykje anna – og det går liksom ikkje på måfå når Åse bur seg på ballkoking. Tysdag tek Åse og Stian sikte på servering i tidsrommet 14 – 18 og tek gjerne mot bestilling som SMS eller telefon 469 16 003.