Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen. Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn. I dag var det sol på toppane og om nokre veker er sola attende i heile Dalalia.
Vi snakka med fleire som heldt på og rigga seg til på parkeringsplassen, og alle hadde eit felles mål for turen – Tydalsnebba på 1274 m.o.h. Denne toppen har fått stor merksemd etter at det dei ti siste åra har vore arrangert både NM, NC og andre konkurransar der norgeseleiten i Randonee har delteke.
Og at denne sporten har grepe om seg er det ingen tvil om. I butikken til Kårvatn Fjellutstyr var det full sjau med montering av bindingar på randonee-ski. Det vart montert og tilpassa fleire par på den korte stunda vi var innom, og det var kundar både frå Orkland og Trondheim i tillegg til lokale kundar frå distriktet her.
Har du lyst til å prøve randoneekjøring før du kjøper utstyr, så har Kårvatn Fjellutstyr eit opplegg med utleie av utstyr – så kan du prøvekjøre i Dalalia. No er det fint pudderføre og ideelle tilhøve i lia som ligg eit par steinkast frå butikken.