Rammene var perfekte då Tuva Syvertsen og resten av Valkyrien Allstars gikk på scena under Norsk Vandrefestival i Svinviks arboret. Sjølv om det var meldt fare for tordenbyger, var det sola og varmegrader som gjaldt lørdag kveld.

Kvelden på scena starta med at årets æresvandrar ble kåra, og det blei dei to seksten år gamle gutane Håkon Vang Aas og Bersven Røkkum som tidlegare på dagen hadde holdt foredrag om sin tur over Norge på tvers.

Vidare entra Valkyrien Allstars scena, og det var nok få som var heilt uberørt då ein magisk miks av folkemusikk, jazz, lyrikk og rocketoner kom frå høgtalaranlegget. Over tre hundre var møtt opp for å høyre på, og det er tvilsomt at nokon angra på at dei tok turen. Her var det full klaff med både vêr og musikk.