Basarsøg og god stemning i Sanitetshuset onsdagskvelden 16. oktober! I alt kom det inn ca. 40 000 kroner på årets basar! Todalen sanitetsforening helsar tusen, tusen takk til alle som har støtta basaren med loddkjøp og gevinstar. Både leiar, kasserar, styret og medlemmene er overvelda over den store givargleda.
Alt før basarkvelden var det kome inn ca. 30 000 kroner på forhåndssalg av lodd. VIPPS er eit kjøle godt og lettvint hjelpemiddel når det gjeld loddsalg – da det er enkelt å kjøpe lodd uansett kor ein bur.
Det var stort basarbord med 34 gevinstar. I tillegg var det salg av årer, heile tre rundar og mange gevinstar. Åresalg er eit spennande lynlotteri som engasjerer!
Alle fekk servert kaffe med gode kaffebrød og bakels med graut. Alt smaka fortreffeleg godt!
Basarkvelden gjekk fort, folk kosa seg og prata. Og som vanleg var forsamlinga delt i «karrabord» og «kvinnfolkbord».
Leiar i Sanitetsforeninga, Solveig Glærum, avslutta kvelden med å rette ein stor, stor takk til alle som har støtta årets sanitetsbasar. Inntekta kjem godt med både til lagsarbeidet og opp-pussing av Sanitetshuset. Men ho syntest det er beklageleg at basaren vart same veka som TV-aksjonen til inntekt for Barnekreftforningen. Idrettslaget arrangerer innsamlingsstand i Toåa tursti søndag 20. oktober, og Solveig oppfordrar alle til å slutte opp om arrangementet.
Fleire bilete:
Skrellesett med krydder vart vunne av Edvard Nordvik.