Ein anna fin dagstur er biltur til fjellgardane i Sunndalsfjella. På denne turen får du med deg mykje og kjørelengda er ca 10-12 mil ein veg, alt etter korleis du kjører. Her kjører du til Sunndalsøra og oppover til Gjøra, der du tek til høgre og oppover til fjells. Først kjem du til utsikten til Åmotan/Jenstad-juvet. Her er det faktisk 4 elvar som renn saman til ei i eit imponerande skue.
Kjører du vidare oppover kjem du til Svisdal og vidare tek du av til høgre i krysset ut mot Grødalen og Vangshaugen. På Vangshaugen er det KNT som driv og det er muleg å kjøpe ein matbit og kaffe. Dette er det største anlegget til KNT og står for 25% av heile omsetninga. Det har vore ei omfattande utbygging her dei siste åra. Det er også bomveg eit stykke vidare utover til Alfheim (landstedet til Lady Arbuthnot).
På turen attende kan du ta til høgre i krysset før Svisdal og kjøre vidare innover til Hafsåsen og Røymoen. Her drives det enno aktivt jordbruk til tross for at det nærmar seg tusen meter over havet.
På Gjøra ligg eit Nasjonalparksenter der det kan være verdt å ta turen inn for å få meir informasjon om kva som finnst i området.
Nedafor finn du eit bildegalleri fra vangshaugen og fjellgardane. Foto: Jon Olav Ørsal