Når sommaren og ferietida kjem er det behov for å få ei forandring i kvardagen. Det kan være lokalt i bygda, eller det kan være godt å ta ut litt, og sjå korleis det er andre plassar. I dag kan vi by på ein liten tripp til Valsøyfjorden i Halsa kommune – som faktisk blir Heim kommune i lag med Hemne frå nyttår. i Valsøyfjorden har dei faktisk litt av kvart å by på….
Turen går altså til Halsa via Betna og Vågland til Valsøyfjorden til Valsøya – ei strekning på ca 75 km frå Todalen og som tek litt over ein time å køyre. Første stopp kan være på Hendset, der Kroknes vorpe nyleg re-opna. Laksefiske med vorpe er ein 600 år gamal tradisjon som no er blåst i gan igjen. Artig å sjå og folke er hjarteleg velkomne for å sjå korleis dette foregår, fortel Olav Wågsand som er initiativtakar til prosjektet. Wågsand er også delaktig i Vorpå røkeri som er etablert ved ferjekaia på Hendset – og som også er verdt å stikke innom.
På turen vidare innover Valsøyfjorden kjem du til Otnes. På tysdagar og laurdagar er Otnes kyrkje opa, og tek i mot besøk. – Vi stakk innom og denne dagen var det Eli Ohren som var vert og fortalte litt om historia til kyrkja – både i ny og gammel tid. I Otnesbukta ligg og Otnesbrygga, der det komande laurdag og søndag er open kafè frå 12 til 16..
På Valsøya er det imidlertid full rulle – Klatreparken Høyt og lavt som opna i fjor – og som utvida og bygde ut vidare i år – samlar mykje folk både ørk og helg i sommartida. Her er det aktivitetar born og vaksne i alle aldrar og har kan du godt ta sikte på å bruke heile dagen. Og blir du sulten så er det restaurant/kafeteria både på fjordsentret og i klatreparken.
I Valsøyfjorden er det sjølvsagt mykje meir å sjå – mellom anna Geitbåtmuseet på Enge. Men det får bli ein annan gong.
Bildeglimt frå Valsøyfjorden – alle foto: Jon Olav Ørsal