Det fine turværet i dag tidleg inspirerte til å ut for å få litt frisk luft, og dagens utflukt gikk til Gammelvegen ved Svinvika. Du kan velg om du vil starte frå parkeringsplassen ved Svinviks arboret eller du kan starte frå parkeringsplassen ovafor Snøya. Vi valgte å parkere ovafor Snøya, og gikk utover gardsvegen mot Hjellnes og tok av utover den gamle vegen langs Langkleiva mot Svinvika. Denne vegen vart bygd i 1890-åra, og er no restaurert av Surnadal kommune til gang- og tursti. Vidare går du etter den asfaltvegen langs fjorden attende til Snøya.
Heile runden er på 4,7 km, og og høgaste punktet på turen ligg på 130 m.o.h. Ta gjerne med termosen og kamera, og ta deg tid til å nyte turen gjennom det flotte landskapet. Du kan godt bruke joggesko eller fjellsko på turen som går etter tørre og fine stigar og delvis grusveg og asfaltert veg. God tur!
i bildegalleriet finn du nokre bildeglimt frå dagens rundtur. Alle foto: Jon Olav Ørsal