Dagens turtips går ut på å ta ein tur til Todalen og svinge ein tur oppom koselege Todalshytta. Her finn du eit rikhaldig menykart med mykje godt, – mellom anna todalsburger med nykværna kjøtt, og vår nyheit på menykartet – biffsnadder, som får fantastiske tilbakemeldingar, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.
Det er Arve Evensen og kona Cristy som er vertskap på Todalshytta, som etter kvart har vorte berømt for sitt gode kjøkken. Spesielt er Arve stolt av årets nye rett på menykartet, som er biffsnadder – kom og prøv, oppfordrar Arve! Restauranten er open frå onsdag til søndag, i tidsrommet 13:00 til 19:00. Velbekomme!