Nordvik grendalag har gjort en utmerka jobb med merking av turar i Nordviknaturen. Saman med Tove Talgø Brøndbo testa vi ein av turstiane som er merka, og førstevalet vart ein kveldstur med start fra Bleikhammaren. Men det viste seg og være ein svært kort tur, og da endra vi plana og gikk til Svinvikhammaren i staden.
Turen dit starta ved bomvegen opp til dammen ved Nordviksetra, og følger vegen nesten til topps, men tar av til høyre ved skiltet til Hamran. Følger myra, slakk stigning med godt blåmerka stikker opp til Svinvikhammaren. På toppen blir du skikkeleg belønna med fin utsikt utover fjorden, og vidare man ser mot Åsbøsnytå som også er merka sti, og ein STIKK-UT tur. Turen kan godt anbefales til dei fleste, men det er litt bløtt over myra så skotøy som tåler vatn kan det være lurt å bruke. God tur!
Bildegalleri frå turen til Svinvikhammaren. Alle foto: Mari Brusethaug Redalen.