Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turtips i Todalen

Guro Redalen Torsdag 11. juli 2024

Det er Trimgruppa i Todalen IL som har lagt inn turane på nettsida moroturer.no, og vil du registrere trimpoeng i dei digitale trimbøkene finn du og meir informasjon her! 

Under finn du tips til 11 turar. Klikk på namnet til turmålet for å lese meir om turane slik som stigning, tidsbruk og kjenneteikn å sjå etter på vegen. 

God tur, og godt mot!

Storhaugen

Turen til Storhaugen har ei stigning på 302 meter, og er ein rundtur som passar dei fleste. På toppen er det sett ut benk der du kan nyte utsikten utover bygda medan du tek kaffepausen. Du kan velje å gå same veg ned, eller du føljer skilting til Bruset som rundtur. Turen ned frå Storhaugen mot Bruset kan opplevast som bratt dei først metrane. Resten av nedstiginga er grei sti.

Ansnessetra 

Trimpost som får opp pulsen, men løn for strevet er utsynet over fjord og fjell når du når målet. 

Naustådalssetra, Kårvatn


Godt merka sti oppover lia.  På veg ned er det fint å legge turen innom  Nauståfossen. 

Løfta

Ein tur som passar dei aller fleste, på grusveg og god sti. Ein klassikar for Kløvertur-gjengen!

Tårnet

Stien er godt synlig heile vegen. Passar særleg for deg som set pris på bra utsyn utover bygda mot Todalsfjorden. 

Gammelsetra

Ein tur med slak og moderat stigning, spesielt egna for dei som er vakse opp på Prærien. Held du fram  på stien etter Gammelsetra kjem du til setrene i Kvennsetdalen.

Haukarsteinen


Ein tur med 325 meter stigning. Skal du vidare innover Romådalen må du ikkje gløyme å hauke på Haukarsteinen for å skreme bort huldra.

Fauskhjellen

Turen startar etter redskapshuset ved Halsetvegen. Sjå etter dei raude merka som stadfestar at du er på rett veg,  

Toåa tursti og Gunnøya

Ein tur som er tilrettelagt for alle. Turstien har alt rukke å bli ein lågterskel-favoritt for turfolk i alle trimklassar. Hugs badetøy, og test gjerne eit elvebad.

Ja-benken

Fin rundtur med nokre korte bakkar. Overkommeleg for dei aller fleste, sjølv dei som helst seier nei.

Taløysetra (Talgøsetra)


Ikkje ein lang og krevande tur, men spar litt krefter til den siste bakken opp. Om du har lyst på meir utsikt, er det berre å halde fram på stien i retning Bjøråskaret og Innerdal.

Gløym ikkje at dei fleste turane har digital trimbok-registrering! Det er Todalen IL og appen Trimpoeng som står for registreringa. Les meir her! 

Alle foto er henta frå nettstaden morotur.no

Publisert: 11. juli 2024, 17:17