No blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….
Elinor Bolme, Carsten og Steffi Bohle er eldsjeler for å rydde langs elvekanten oppover, slik at vi kan få fram att turstien igjen. Det er nemleg ingen ny sti det er snakk om, men berre å rydde å få fram att den gamle stien som kanskje var mest bruka av fiskarar. Den opprinnelege plana var at det skulle bli ein samanhengande tursti frå Halsabrua og oppover til Øyabrua. I første omgang er det klarert med grunneigarane oppover til Gapahuken i Gunnøya, og no ryddar vi vidare oppover til Trøbakkan/Vollanpahuken i Gunnøya, fortel Elinor Bolme, som er glad for at dette delprosjektet no kan bli ferdig.
Dersom nokon har tid og lyst så er det berre å møte opp onsdag ettermiddag, da tek dei ei økt til før helligdagane tek til. Det som står igjen no er litt rydding gjennom Slåttøya og vidare gjennom Gunnøya til bytes med Kvennset der det er ferdig rydda nedover mot Halsabrua. Blir det gjort ein innsats tysdag så kan stien kanskje takast i bruk i påska?