På Dalavegen, mellom Vestrum og Talgø Gard trefte vi Karen Johanne og elghunden Ragg. Dei var ute på sin daglege tur frå heimplassen Vestrum og oppover etter Dalavegen til Innerdalsmerket. Karen Johanne og Ragg trives godt i lag, og når Karen Johanne finn fram halsbandet, så er Ragg på pletten – meir enn klar for tur i lag med matmor Karen Johanne.
Ragg er 7 år gammel og i aktivt bruk på hjort og elgjakt. Men utanom jaktsesongen så er deg daglege rusleturen den viktigaste sysselen, medan Karen Johanne i tillegg har grøne fingrar og driv med både grønsaker og har fleire flotte blomsterbed. Ukkurat i dag var Karen Johanne mest oppteken av at poteta – ho har 2 potetrender i årer – no har fått dei første potetblomstrane. Dermed konkuderer ho med at nypoteta er like rundt hjørnet.