Den fine maivêret har gjort at turistsesesongen så smått har starta. Blomstringa i svinviks arboret er nådd toppen, og det har alt no vore mykje besøk og spesielt har det vore mange grupper i år. Mange av gruppene som har besøkt arboretet har også nytta høvet til å sjå meir av Todalen, og difor har det også vore trafikk til Kårvatn og Gammelfabrikken i same slengen. Todalshytta opnar først til neste helg, den 15. juni, men vertinne Åse Øyen har alt no teke mot gjestar på bestilling.
Onsdag var det turen til ei gruppe frå Odd Fellow, loge Driva, som gjorde seg betre kjent med Todalen. Dei besøkte først Kårvatn, før turen gikk vidare til Talgøs utstillingssenter for omvisning og orientering om Talgøskonsernets historie. Vidare gikk turen til Todalshytta, der dei vart servert «kjøtt og påsse» før dei tok på heimveg til Sunndalsøra igjen.