Odd Arild Sande, og dei andre bebuarane som har gått saman om felles søppeldunkar oppe ved vegen ved neddkøyringa til Slettneset på Nordvik, har dei siste sommarane opplevd at søppeldunkane deira blir bruka av turistar for å kvitte seg med søppel, noko som fører til overfylte dunkar og mykje rot rundt dunkane.
Av og til er det også så fullt at dei som har søppeldunkane sine her, må ta med søpla i heimatt og vente til dunkane er tømt før dei kan få kvitte seg med søpla, noko som blir heilt feil.
– To plastikkposar med hovedsakeleg plastikksøppel + ei dunpute var hiva i papirdunken – som forøvrig er godt merka, fortel Sande
– Hadde dette vore hiva i restavfallet ville ingen ha reagert på det, så det er heilt sikkert mykje «villsøpling» gjennom turistsesongen, legg han til.
– Dette viser seg ved at spesielt dunken med restavfall ofte er overfylt, med lokket 45 grader ope, dette kan og føre til at søppel blir dratt ut av fuglar og dyr.
– Det er litt dumt at vi som betaler for dunkane må utsette levering av eige søppel på grunn av at dunkane er overfylte av «villsøppel», avsluttar han.
Sande understrekar at «villsøppelet» ikkje kjem frå plassane på Nordvik som leiger ut feriebustadar, da desse har gode og vel etablerte rutiner for handtering av søppelet.
Sande fortel at dei har vore i kontakt med Remidt om problemet. Han meiner betre merking av hytterenovasjonsstasjonane på Haugenkrysset og i Todalen kanskje ville ha redusert problemet?
Så da får vi satse på at Remidt og bebuarane finn ei løysing som fungerer betre til neste turistsesong tek til!