I dag inviterte driftsstyret for Todalen Idrettslag si skihytte til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta. og det kom bra med folk opp til skihytta. 45 av dei frammøtte starta årets utgåve av «Kjerringdilten». Da resultatlista var klar, viste den at Turid Sæther Todalshaug sikra seg eitt napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Det var ikkje så mykje sol å skryte av, men det var fin temperatur og opphaldsvêr, så det var fine forhold for ein skitur.
«Kjerringdilten» er eit skirenn med «idealtid», det vil seie at det er den som kjem nærast den tida som er sett som vinn skirennet. Turid vart altså vinnaren av «Kjerringdilten» 2024, og på dei neste plassane kom Mari Eikrem, Marit Ingeborg Ansnes, Jorunn Nordvik, Ellbjørg H. Larsen og Nils Ove Bruset.
Til årets utgåve av «Kjerringdilten var det kjøpt inn nye startnummer, der Veidekke AS har sponsa det meste av innkjøpskostnadane og trykkinga av startnumra.
Knut Halset og resten av kjøkkengjengen serverte kaffe, bakels med graut, bakels med syltetøy, pålser i brød/lompe og saft, noko som vart godt motteke av dei som hadde teke turen på skihytta denne langfredagen.