Matkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post: Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:
– hadde det ikkje vore butikk hadde det ikkje vore mat å få kjøpt
– hadde det ikkje vore butikk, måtte vi ha kjørt til Surnadal
– vi kan kjøpe gåver der
– vi kan kjøpe brød der
– vi kan kjøpe godteri der
– vi kan kjøpe pålegg der
– vi kan kjøpe grønsaker der
– vi kan kjøpe is der
– Vi kan møtes der
– Vi kan kjøpe kaffe og brus og sitte i kaffekroken eller ute på benkane
Helsing 1. -4 klasse
Her kjem bildegalleri frå besøket på Matkroken i dag. Alle foto: Britt og Solvår