Jon Bruset har vore på tur til Torviksetra, og har sent oss eit nytt bidrag i serien «Gamle Stangvik». Jon Bruset skriv: «Enda ein tur i «Gamle Stangvik». Til Torviksetra denne gongen. Lettgått tur etter skogsveg heilt fram til ein fin seterstøl. Undervegs fin utsikt til Torvika, og over fjorden ligg Hamnes og Vargøya. Også dette var Stangvik-land før «okkupasjonen» i 1965″.
Dersom nokon veit meir om desse seterhusa som er med på bileta og kven som eig dei, så tek vi gjerne mot det.
Bildeserie frå Torviksetra. Alle foto: Jon Bruset