Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde fredag 12. august tur til Skogan Gård i Valsøybotn, dit vi var inviterte av Norsk Vandrefestival. Lars Olav Stenberg var stødig sjåfør på turen. På vegen frå Botnabua til Skogan Gård var vi så heldige å bli guida av Anne Botten Stokke. Oppvaksen og framleis buande i Valsøybotn gav ho oss ei levande skildring av livet her inne i fjorden i gammel og ny tid.
Matpausen tok vi på Skogan Gård. Medan ein del valde å bli sitjande i solveggen, gjekk resten opp til Reinslivatnet eller Botnavatnet.
Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen. Bileta er tekne av Gunnhild Mogstad og Vidar Sogge.