Laurdag 29. juni inviterer Stangvik historielag til setertur, målet er Rødsetsetra på Ålvundeidet. Turen startar frå Rødsetgarden kl. 10.30. Da passar det å ta ferje frå Kvanne kl. 10.00. Parkering ved fjøset på garden.
Rødsetetra ligg rett opp for garden Oppisto Rødset og ca. 500 moh. Turen går etter fin skogsveg heilt fram til setra. Det blir med guide frå Rødsetfamilien.
Det blir koka og servert kaffe på setra, men turdeltakarane må sjølve ta med kopp og niste.
Det var seterdrift på Rødsetsetra fram til 1951, og etter dette forfall seterhusa som naturleg var. Men no er husa restaurerte og sette i god stand. For dette arbeidet fekk familien Rødset kulturprisen frå Sunndal kommune i 2002, og i 2006 fekk dei Møre og Romsdal sin kulturlandskapspris.
Alle er velkome til å bli med på interessant setertur!