Tysdag 25. aug. var Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Nistusetra på Mogstad. Vi starta frå Nistua på Mogstad og fulgte den ganske bratte skogsvegen heilt fram til setra, som ligg fritt til under Langurda.
Foto og tekst: Anne Vognild Einum.
Veret var ustabilt med regn og vind frå nordvest, men humøret var på topp hos alle deltakarane. Då vi kom til setra, var det godt å kunne låse seg inn og nyte kaffien og nistepakka under tak. Dette var klarert på førehand med eigaren, Arild Mogstad.

I Ytter Damleet, halvvegs til setra. Gammalvegen til setra går til venstre. Vi tek til høgre på nyvegen til Nistusetra( Mogstadsetra) Foto: Anne V E
Før vi gjekk derifrå, kunne Brage gje eit kort resyme av setras historie, og om nokre jaktturar her. Heimturen gjekk i terrenget vestover til der «gammalsetra stod» Derifrå gjekk vi ned etter den gamle skogsvegen, vest for vegen vi gjekk opp.
Fin og frisk tur trass i noko ruskete ver!
Fleire bilete frå turen til Mogstadsetra:

Endeleg, etter bratt skogsveg, ser vi Mogstadsetra, som ligg der så lita, gammal og sjarmerande under Langurda. Foto: Anne V E

Heimturen i terrenget vestover vart noko blautare. Men spreke pensjonistar hoppa over bekkefar! Foto:Anne V E

Godt skilta i Mogstadlia! Godt nedlagt arbeid gjennom lang tid, av Per, Petter og Arild Mogstad. Foto: Anne V E