Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tur til Haltbakkan i retteleg godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mai 2024

Første måndagen i mai var det kløvertur til Haltbakkan på Nordvik i strålande godt vårver og irrgrøn vårskog – tidleg vår!

Det er riktig så fint gå utover vegen forbi Sjøtrøa og nedover til fjorden forbi Mellom-Haltbakkan, Granlia og til Ytre-Haltbakkan.

Turen vart avslutta med kaffepause i gapahuken til Magnar.

Sjøtrøa og utsikt mot Haltbakkahvet. Foto: Marit Sanden Søyset.

Måndag om ei veke blir det tur frå Gammelfabrikken til Tjønnmyrane.

Todalen sanitetsforening minner om at det er medlemsmøte tysdag 7. mai.

Fleire bilete frå ein fin tur:

Fint å gå etter gardsvegen nedover mot Sjøtrøa og Haltbakkan. Foto: Marit Sanden Søyset.

Turfølget ved Haltbakkhavet. Flott bjørk til å klatre i!! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 6. mai 2024, 21:50