Surnadal Pensjonistlag arrangerer tur til Frøya 25. – 26. juli. Det blir avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer! Overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3-retters festmiddag, frukost og lunsj dag 2.
Det blir tur innom Titran, og til å sjå seg om på Frøya elles. Både medlemmer i pensjonistlaget og andre er velkomne til å vera med. Prisane er no fastsette til kr 1900,00 pr. pers. for medlemmer i dobbeltrom. Ikkje-medlemmer kr 2200,00. Enkeltromstillegg kr 300,00. Dei som allereie har meldt seg, er notert. Nye interesserte ringer til Jorunn, telefon 901 51 989, innan 4. juli. Vi trur det blir ein triveleg tur, seier leiar i pensjonistlaget Kristian Ranes.