Betongrenovering As melder til todalen.no i dag at Svinviktunnelen vil bli delvis stengt i morgon fredag, måndag og tysdag frå 8.00 til 18.00. Perioden kan bli kortare om arbeidet går radigt, dette vil bli orientert om undervegs. Anton Brusethaug seier at tunnellen vil bli stengt opp i mot ein time i gongen, men dette vil bli tydeleg merka før tunnelen på begge sider. Han fortel også at bussane vil få passere som vanleg, så i det tidsrommet dei brukar å passere vil det vel bli ei rå for andre passerande også.
Ellers er det for personbilar mulegheiter for å kjøyre den gamle Svinvikvegen. Tyngre kjøretøy lyt venta.