Verneormrådestyret for Trollheimen ser bort frå dei mange klagene som er komne, og opprettheld si innstilling om å tillate bygging av turistforeningshytte i Naustådalen. Det blir begrunna med utgangspunkt i naturmangfaldlova, og er basert på forvaltningsplanas ønskje om å flytte meir av trafikken i Trollheimen mot dei vestre områda som tåler meir trafikk.
Ruta mellom Kårvatn og Trollheimshytta har lenge vore merka for fotturistar, og områdestyret meiner at ei byggjing av ny hytte i Naustådalen vil spare andre områder og dempe presset for utbyggjing i framtida. dermed ser det ut til å være klart for byggjing av ei ny sjølvbeteningshytte som skal erstatte den gamle naudbua i Nustådalen. Den nye hytta blir bygd litt lenger ut ettersom vi forstår. Her kan du også lese kva Driva.no skriv om saka.