Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trym slo til igjen – vart Norgesmester på Vang

Jon Olav Ørsal Sundag 16. februar 2025

Trym Dalset Lødøen gjentok gårdagens suverene seier og vann NM-konkurransen med ein margin på 43 sekund til nummer to som vart Erik Kårvatn.  PÅ tredjeplass kom Pascal Emanuel Egli med eit tillegg på 56 sekund.  I juniorklassen vart det Aron Rodal Haugen som vart sterkast, på tida 19:50,0 med Isak Drøpping på andreplass med 28 sekund etter og på tredje vart det Ivar Holen 1:15,0 etter.  Arrangøren Trollheimen fjellsportklubb måtte improvisere både starten og målgangen – løypa starter 200 meter oppi Strengentraseen på grunn av snømangel og målgangen var rett nedafor toppen – løypa vart ca 450 høgdemeter.  

Juniorar på pallen: Fra vestre Isak Drøpping som vart nr 2, Aron Rodal Haugen som vann og Iver Holen som kom på 3.-plassen. Foto Halvor Drøpping

I dameklassen vart det Ida Wadal som fekk beste tid på 23:15,0 med Ingeborg Treu Røe på 2.-plassen og 1:52,0 etter. I U20  kvinner fikk Ingrid Klokset beste tid på 26:16,0 medan Mads Kirkreit Gjethammer fikk tida 23:00,0 i klasse U20 herrer. 

Komplett resultatliste frå konkurransen kan du laste ned på denne linken til Trollheimen fjellsportklubb.  

Her har vi laga eit bildegalleri frå dagens øving i vertikal – alle foto Vigdis Rodal

Publisert: 16. februar 2025, 13:59