Det vart Trym Dalset Lødøen som trekte det lengste strået under Norges Cupen i Dalalia laurdag. Han leda frå start til mål, og kom inn på 6:24,o betre tid enn Erik Kårvatn. Leda frå start til mål gjorden også Isak Drøpping som kom i mål 2:23,0 framfor Iver Holen som kom på andreplass. I dameklassen var det Ida Wadal som vann, med heile 8:50,0 framfor Ingeborg Treu Røe og Ingrid Klokset med 11:09,0.
I seniorklassen var Lødøen altså suveren i dag, med eit forsprang på Erik på 6:24,0 – på tredjeplass kom Torstein Vestli, medan Steinar Johansen Aarvåg sikra seg 4.-plassen framfor Mads Gjethammer på 5.
Det var skapt føre i Dalalia i dag, og det gjorde at det vart gode tider i alle klassar – det var skare under og så kom det litt nysnø i natt. I gardstunet på Kårvatn var det 12 til 15 kuldegrader i dag, men i Dalalia og på toppen var det god temperatur i sola som varma bra.

Isak sikra seg seier i juniorklassen – han leda frå start til mål i dagens konkurranse. Foto Jon Olav Ørsal
Det var knappe 30 deltakar i dagens konkurranse i individuell i morgon er et knappe 40 påmeldte til konkurransen i Vertikal ved Vang skiarena på Kvanne. Vi kjem med meir bilder etter kvart frå dagens arrangement på Kårvatn. I kveld er løparane og funksjonærane invitert på bankett på Todalshytta frå kl 18:00.
Her har vi lagt ut den offisielle resultatlista – komplett med alle klassar
Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri – nokre bilde frå rennet og nokre bilde av dei som står bak Diverse fotografer