15.april stilte Senterpartileiar og Stortingsrepresentant, Trygve Slagsvold Vedum, skriftleg spørsmål til kommunal- og mederniseringsminister, Nikolai Astrup, om status for royalimpregnert kledning. Bakgrunnen for spørsmålet til Vedum er at Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) i januar fremma eit krav om testing av royalbehandla trekledning.
Spørsmålet Vedum stilte var som følgjer: – I januar i år fremmet Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) et krav om testing av royalbehandlet trekledning. En juridisk utredning gjort på vegne av de tre største produsentene av slik kledning viser at det ikke er grunnlag for et slikt krav, og at produktet kan merkes og omsettes i tråd med gjeldende regelverk og tradisjonelt aksepterte ytelser. Er statsråden uenig i denne juridiske konklusjonen, og kan har i så tilfelle peke på hvilken lovhjemmel myndighetene har for å stille et slikt frav til testing?
Kommunal- og moderniseringsministeren har no svart på spørsmålet frå Vedum
Kommunal- og fornyingsminister, Nikolai Astrup (H), svara på spørsmåla frå Vedum fredag morgon. I svaret frå Astrup svarer han mellom anna dette: «Vi ønsker alle å opprettholde produksjonen av ulike typer trekledning i Norge, og ingenting i denne saken tilsier at ikke tre også i fremtiden vil være det foretrukne byggematerialet i vår byggeskikk. Skal vi få til dette, er det helt nødvendig å stille krav om at det kan dokumenteres at informasjonen som gis om egenskapene til byggevaren, er riktig. Vi er i tett dialog med organisasjonene i BAE-næringen om den situasjonen som har oppstått som følge av feilmerkingen av royalimpregnert trekledning, og vil jobbe raskt for å finne en god løsning.
Heile spørsmålet frå Senterpartiet sin leiar Vedum, samt svaret frå kommunal- og moderniseringsminister Astrup, kan du lese her: Spørsmål og svar om royalimpregnert trekledning
Produsentane, som er råka av salsstoppen av royalkledning, kunne heilt sikkert ha tenkt seg eit klårare svar og ei endeleg avklaring frå ministeren, men enn så lenge må dei smøre seg med tålmod ei stund til, ser det ut til.
Talgø Møretre, som er ein av produsentane som er råka, har heilt sidan nyttår fått utført mange testar hos forskjellege uavhengige laboratorier, testar som heilt klart syner at royalimpregnert kledning ikkje er meir brennbar enn anna kledning som er overflatebehandla med til dømes måling.
Ein får håpe spørsmålet frå Vedum, bidreg til fortgang i saka slik at ein får ei avklaring før dei marknadsmessige konsekvensane av salsstoppen blir alt for store for produsentane.