I går var 14 trufaste damer nok ein gong samla i Sanitetshuset på Strikkekaffe. Dei samlast omlag 3. kvar laurdag, nokon med, andre utan handarbeid. Her utvekslar dei tips og råd etter mange års erfaring med masker på pinnar. Snittalderen er ganske høg, så erfaringa er nok også proposjonalt med den, men ikkje for det, her er det absolutt plass for alle i alle aldrar. Og er det nokon som treng hjelp, er det stort sett nokon som kan vere behjelpeleg med det i denne forsamlinga.
Den siste strikkekaffeen dette året blir laurdag 1. desember til vanleg tid. Då vil det i tillegg til ordinær servering, også bli ei lita utlodning, mest sansynleg med inkvart heimlaga å vinne kanskje?
Dei stiller litt motvillig opp på bilde, men ingen slepp unna når todalen.no stikk innom.