Trudy & Dave kjenner vi kanskje ikkje, men ser du på biletet ein gong til så oppdagar du nok at det er kjentfolk frå Todalshytta – Johanna Demker og Alf Bretteville-Jensen. No har dei formalisert samarbeidet på scena og kallar seg altså Trudy & Dave, og har nettopp lansert sin debutsingle «Force Of Nature», som kom til verden ved gapahuken i Fosstrøinn i Todalen.
Johanna og Alf, skreiv songen da dei begge var deltakarar på låtskrivarseminaret RAUS i Todalen for et par år sia. Frå pressemeldinga som følgjer songen tek vi med:
«Der satt de altså en junikveld, ved Toåas brusende elvebredd i Todalen, hvor villaksen står bak hver stein og de mektige fjellene ruver høyt over de små menneskene. Med dette som bakteppe, gitaren under armen og skriveblokka i forsommergresset, er det ikke vanskelig å forstå låttittelen. Utover dette antydes forholdet mellom de store og de små kreftene rundt oss, hvor de sistnevnte ofte kan være vel så sterke.»
![Trudy & Dave med flott debutsingle](https://todalen.no/wp-content/uploads/2016/06/AlfJohanna_0515-1200x800.jpg)
Frå konserten på gammelfabrikken – kanskje det er nettopp «Force Of Nature» som her blir klargjort for førpremieren? Foto: Jon Olav Ørsal
Vi fikk nok ein forsmak på «Force Of Nature» under RAUS-konserten i 2016 på Gammelfabrikken. No er den nok kanskje «trimma» litt, men du kjenner den nok igjen – her kan du laste ned ein smakebit i første omgang.
Kanskje kan vi få den liv på Todalshytta også i løpet av sommaren?