Onsdag kveld 2. august fortsett kultursommaren på Todalshytta. Bård Engh er ein allsidig trubadur frå Kongsvingertraktene som trives på scena med gitaren sin, og er rik på erfaring i fleire sjangre. Onsdag 2. august kl 20.00 mønstrer Bård Engh utescena på Todalshytta.
Engh er i Trøndelag, og gler seg til å stikke innom Todalen på onsdag. Den glade trubaduren vil by på litt av kvart av kvart frå scena på Todalshytta – vi kan berre nemne irske folketoner, Bellmann, Vreeswijk, Lundell, Beatles, Creedence for å nemne noko og sjølvsagt har han eigne produksjoner i kolleksjonen. Til dagleg er Bård Engh journalist i Glåmdalen, men han har etter kvart fått ei rik erfaring som trubadur. Billetter selges ved inngangen – billettpris kr 100. Dersom det blir dårleg vêr blir konserten flytta til peisestua på Todalshytta.

Terje Kristiansen er dreng på Todalshytta i sommer – men gitaren har han med. Onsdag kveld vil han være med og kaste glans over konserten til Bård Engh. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal
Med seg på laget får han også Terje Kristiansen. – Terje har 50 års erfaring med gitaren, og kan skilte med at han har vore musiker til mellom anna Trond Granlund og Stein Ove Berg. I periodar har musikken vore levebrødet og Terje har vore profesjonell musiker. Denne sommaren har han vore dreng på Todalshytta, og akkurat no er det renovering av peisen i peisestua som står på programmet. Terje Kristiansen spelte inn si første plate saman med Trond Granlund i 1975 – onsdag kveld får vi høre at han framleis kan å trektere gitaren.