Vêrgudane spela slett ikkje på lag med Surnadal demensforening og helselag da dei arrangerte hjertemarsj i Toåa turstitysdag kveld. Eit kvarter før marsjen starta kom regnet og om litt så sette det i gang med lyn og torevêr utan like – og regnet varte ved heilt til marsjen var ferdig og premieutdelinga var i mål.
Når ein tek vêret i betrakning så må ein faktisk være nøgd med eit stort trettitals deltakarar, og vi som var der stillte med godt humør og gjorde ein flott innsats i kveldens hjertequiz, som var hengt ut på vegen rundt i turstien. I båthølen var det godt å kome under tak for regnet, og her var det servert kaffe, bakels og andre forfriskningar.
Leiar i Surnadal demensforening og helselag var godt nøgd med arrangementet og var raus med premiar til deltakarane på hjertemarsjen – rett og slett imponert over at det var s+å mange som kom og vart med. Liv håpar at fleire vil bli medlem i foreninga, og delte ut vervemateriell og orienterte om det viktige arbeidet som blir lagt ned lokalt. Dersom nokon vil støtte arbeidet så kan det gjerast på Vipps nr 709094.