Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tross alt heldig!

Jon Olav Ørsal Sundag 16. mars 2014

Det var nok hell i uhell for Bjørgulf Øyen som onsdag i kveldinga vart skadd under vedarbeid like ved heimen på Solvoll. I eit uhell med motorsaga fikk han eit kutt i ansiktet, som første til store blødninger. Han kom seg inn og fikk varsla kona Solvår, som kjapt fikk varsla ambulansen på 113. Ho stod i kontakt med AMK-sentalen slik at dei kunne følge utviklinga til ambulansen kom og tok over.

Stort blodtap gjorde at ambulansen kontakta assistanse frå helikopter, og oppå Rindasskogen vart han flytta over for å kome raskare fram til sjukehuset.  På sjukehuset bar det rett til operasjonsborde for å få stopping på blødning og for å lappe sammen etter skaden i ansiktet.

No er Bjørgulf forlengst komen heim igjen, og han priser seg lykkelig for at han bruka hjelmen med visir på , som tok av det verste slaget frå motorsaga. Framleis er det hevelsar i ansiktet, og all føde må han ta inn gjennom sugerør inntil vidare. Men det går godt for nokre dagar, sier Bjørgulf som framleis er bleik og slapp etter blodtap på rundt ein liter.

Verneutstyr_9349_L

Hjelm og visir tok av for den verste støyten da motorsaga slo opp i ansiktet. Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørgulf har konsekvent bruka fullt verneutsyr under vedarbeidet, og han ser i ettertid at det er fornuftig. Det er vel eit kjent fenomen at det er «hobbybrukarar» som er mest utsett for ulykker med motorsaga.  Dei har i mange tilfelle mangelfullt verneutstyr og kanskje motorsag som er mangelfullt utrusta med tanke på sikkerheit. Dei skal jo berre sage ned nokre få trær eller kappe opp nokre få vedstrangar. Det er nok spesielt når du er uvant at det er fare på ferde.

Det var under oppkapping av ein vedstrange at motorsaga slo opp og trefte Bjørgulf i ansiktet. Han seier at det heile skjedde så fort at han rakk ikkje å reagere. Hjelmen, og spesielt visiret tok av for den verste støyten, og det begrensa nok skaden i stor grad, trur Bjørgulf, som no må ta det med ro nokre dagar slik at han får gro saman igjen.  Men han understrekar kor viktig det er å bruke verneutstyr, og oppfordrar andre til å ta dette på alvor, klok av skade!

 

 

Publisert: 16. mars 2014, 16:04