Frå Jon Bruset har vi fått melding om at han har registrert tropenatt på Småhjellan i natt, men men knappast muleg margin på 20,1 grader. Det er andre gongen sia han starta dei daglege målingane i 1990. Max. temperaturen i løpet av natta var 24,2.
Første gongen han registrerte tropenatt var natta mellom 28. og 29. august i 1997, da han noterte min.temp på 20,7 og maxtemp på 25,1 grader. Her heime var det litt klarare margin da min. temperaturen kunne lesast av til 23,5 grader.
Laurdag var det fleire plassar registrert max. temperaturar opp mot 30-talet, og for søndag går meldingane frå yr.no ut på høge temperaturar først på dagen, men vindretning vil utpå dagen snu til nordvest, og da vil vi nok få meir normale temperaturar.