Vi kan jammen seie at TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekro avslutta Vårsøghelga,eller kanskje ein heller skal seie Vårsøgåret, på ein verdig måte. Jammen fekk vi vera vitne til ei flott førestilling i Storstua på kulturhuset søndag ettermiddag – TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor må være noko av det ypperste vi kan bli bydd på her på traktene.
Konserten skulle egentleg gått i Stangvik kyrkje, som er den «offisielle» konsertkyrkja vår. Men det sette koronasituasjonen stoppar for, og dermed vart det Storstua i kulturhuset som vart reservearena. Det var nok eit litt amputert jentekor som kom på besøk i dag, for på grunn av koronasituasjonen måtte rundt 35 jenter bli att heime i Trondheim, fortalte dirigent Anita Brevik. Men jammen gjorde dei rundt 50 som var med ein god jobb og imponerte stort med sin korsong.
TrodheimSolistene har vi høyrt før – det er ein årviss tradisjon at dei tek turen til Surnadal med sin nyttårskonsert – det kjem dei nok til å gjera i 2021 også. Men denne gongen var det nok eit heilt anna program dei kunne by på – nemlig programmet Julefryd med solist Astrid Nordstad. Det er same programmet som TrondheimSolistene og Nidarosdomens Jentekor skal opptre med i Nidarosdomen 18. og 19. desember. Vårsøgsjefen Anders Larsen fortalte at vi er utruleg heldige som kunne køyre konserten med 200 tilhøyrerer – i Nidarosdomen får dei sleppe inn berre 50 på kvar konsert – altså 100 til saman.
Konsertprogrammet starta med «O jul, med din glede» og hadde til saman 20 varierte postar med julesongar og salmar – heilt til sluttnummeret som var «Deilig er jorden» som allsong, med både kor og orkester. Den som ikkje klarte å kome i julestemning da, trur eg faktisk vil få problemer seinare også. – Snakk om oppleving og stemningsfull song uten sidestykke.