Trondheimsolisten imponerte ein fullsett sal i kulturhuset med sin nyttårskonsert fredag kveld. Lars Sæteher frå kulturkontoret dro samanlikning samanlikna til Premier League i sin korte takketale, og den kan vi berre slutte oss til. Konserten var ei kjempefin oppleving både for publikum og for elevane frå kulturskulen som fikk spele i lag med proffane.
Det er nok ikkje negativt for motivasjonen hos elevane at dei får være med og prøve seg under slike tilhøve. Kulturskulen har mange elevar som spelar fiolin, og det er lett å tru at dei hentar noko av motivasjonen frå samarbeidet med TrondheimSolistane.
For oss som satt i salen var det også ei flott oppleving, med prosfesjonelle solistar av beste klasse. Anders Larsen fikk vist fram nyfela, som er ein ekte Testore-fiolin, og han var solist saman med Duy Bui Cong fra Vietnam under framføringen av dobbelkonset av Bach. Øvrige solistar var Karina Kosjanenko, Berit Værnes Cardas og Ksenija Sidorova. Sidorova stjal mesta showet heilt på tampen med sin accordeon.