Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TrondheimSolistene avsluttar Vårsøghelga 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. januar 2024

I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i kveld, får vi vite at TrondheimSolistene avsluttar vårsøghelga 2024 med konsert i Storstuå på Surnadal kulturhus søndag 26. mai klokka 19:00. Her vil TrondheimSolistene framføre Vivaldis «Dei fire årstider», der orkesteret sin eigen leiar, Geir Inge Lotsberg som er solist. TrondheimSolistene har turnert verda rundt med Vivaldi sine årstider, med mellom anna Anne-Sophie Mutter, Joshua Bell og Marianne Thorsen som solistar. men denne gongen er det altså lotsberg som er solist. 

Nedanfor kan du lese pressemeldinga frå Vårsøghelga: 


PRESSESKRIV FRÅ VÅRSØGHELGA

Det er stor glede å ønske TrondheimSolistene velkommen tilbake til Vårsøghelga. Denne gongen kjem dei til Storstuå på Surnadal kulturhus med eit av musikkhistorias mest ikoniske og populære verk, nemlig Vivaldis «Dei fire årstider». TrondheimSolistene har turnert verda rundt med Vivaldi sine årstider, med ma Anne-Sophie Mutter, Joshua Bell og Marianne Thorsen som solistar. Denne gongen er det orkestrets leiar Geir Inge Lotsberg som er solist. Lotsberg er ein av Noregs mest ettertrakta fiolinister og pedagogar. Lotsberg spelar på ein fiolin laga av A Guarneri i 1703, ca 20 år før Vivaldi komponerte Årstidene.

På denne konserten tek TrondheimSolistene med seg sitt eiga rekrutteringsorkester JuniorSolistene med til Surnadal. JuniorSolistene og TrondheimSolistene spelar to stykker i lag på denne konserten. Eit av stykka er det uendeleg vakre stykket «Fantasia on a Theme by Thomas Tallis» av Ralph V Williams for to strykeorkester. 

Søndag 26. mai kl 19.00 får vi ei avslutting på Vårsøghelga som kjem til å ta pusten frå oss. Sjølv om det føles som at vi på Nordmøre ofte kan oppleve fire årstider på ein og same dag, så blir dette første gongen alle fire årstidene til Vivaldi blir framført her.

Velkommen på konsert!


Billettar til konserten kjøper du på surnadal-kulturhus.no (på nett eller i resepsjonen). 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 17. januar 2024, 19:58 - Sist oppdatert: 18. januar 2024, 21:13