Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trondheim Taekwon-Do klubb arrangerer sommarsamling for seksti pluss i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning. 

Lokal ildsjel og instruktør i taekwon-domiljøet i Surnadal, Kjell Gunnar Polden. Foto: Privat

Treningane går føre seg i Surnadal idrettshall, medan overnattinga er på Thon Hotel Surnadal. Der er det også frokost og lunsj. Det er totalt rundt seksti deltakarar på sommarsamlinga, medrekna dei frå den lokale taekwon-do klubben. 

Deltakarane følger nøye med på instruktøren. Foto: Privat

I går kveld var det trening i idrettshallen frå klokka seks til halv åtte. Etterpå var det sosialt samvær på Thon Hotel Surnadal.

Vertskapet på Gammelfabrikken klare til å servere grillmat, f.v. Inger Anita Løkås, Anita Talgø, Jon Olav Roaldset og Ragnar Halle. Foto: B G Ansnes

I dag var det to treningsøkter i idrettshallen. Den første frå klokka ti til halv tolv, og den andre frå to til halv fire. Etterpå var det sosialt samvær på Gammelfafrikken i Todalen. På bussturen frå Surnadal til Todalen var Kjell Gunnar Med som lokal kjentmann og guide. 

Kokkane fekk velfortent skryt og lovord for maten dei laga. F.v. Ragnar Halle, Inger Anita Løkås og Jon Olav Roaldset. Foto: Privat

På Gammelfabrikken vart det servert grilla entrecote, brokkoli-salat og sopp-saus. Kokkane fekk velfortent skryt og lovord om maten!

Morten Erkki Klami og Kjell Gunnar Polden spela og song. Foto: Privat

Etter maten vart det litt underhaldning der Morten Erkki Klami og Kjell Gunnar Polden først song og spela litt. Etterpå vart det laga eit stuntkor, og dei song, som ein sa, «alldeles fenomenalt»! 

Som avslutning på underhaldninga vart det laga eit stuntkor. Foto: Privat

Vi slo av ein prat med nokre av gjestane, og dei var skikkeleg imponert over kor fint det var på Gammelfabrikken, både ute og inne. Dette er ein plass vi gjerne kjem att til seinare, sa dei!

I morgon blir det tid til ei kort treningsøkt i idrettshallen før utsjekk og heimreise. 

Publisert: 30. mai 2024, 20:30