Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen i gang

Trollheimsmarsjen i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 30. august 2009

Trollheimsmarsjen er forlengst komen igang. I år var det 119 deltakarar som var påmeldt da arrangøren slo strek.

Det er 90 mindre enn i fjor da 209 stillte på startstreken. Motorhavari på båten frå Sunndaløra og stengt veg i Oppdølstranda må nok ta skulda for tilbakegangen, saman med heller dårlege vermeldingar. Været var nok bra de første timane, men det såg litt skummelt ut. Etter kvart har det vorte lettare, så deltakarane får nok ein fin tur over fjellet i dag.

Turen over fjellet er på ca 13 km, og det høgaste punktet på turen er Vardan ca 850 meter. Turen er rekna til å ta ca 5 timar pluss pausar i tillegg. På turen er det lagt opp til natursti med lokale spørsmål frå begge sider av fjellet. Det er også plassert ut guidar på Ørsalsetra og Vardan som kan informere om lokalt samkvem over fjellet samt bruk av fjellet og naturen i gamle dagar.

Vi kjem attende seinar med bilete frå turen og fra målgangen på Leikvoll stadion på Ålvundeidet. Vår utsendte medarbeider Ellinor Bolme har med kamera på turen over fjellet.

Publisert: 30. august 2009, 15:15