Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen er i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 10. september 2017

I morgontimane i dag har starten gått for Trollheimsmarsjen 2017.  Nytt i år er at starten går frå Leikvoll stadion på Ålvundeid og over til målgang på Bordholmen stadion i Todalen. 3 bussar har gått frå Todalen og til Ålvundeid med folk som skal delta. – Finare forhold enn det er i dag får du neppe.

Da fristen for å starte på turen over fjellet var ut kl 11, var er 76 deltakarar som hadde starta frå Leikvoll. I det fine vêret reknar vi med at folk tek seg god tid på turen opp til Vardan og vidare over til Todalen.  På Bordholmen byr Todalen I.L. på kaffe og bakels, sodd eller andre forfriskninger til den som ønskjer det etter målgangen.

Disse tre tek i mot på Bordholmen. Etter måålgang kan du kjøpe nystekte bakels med graut, sodd eller andre forfriskninger. Frå venstre Jorunn Nordvik, lars Kvendset og Sissel Halset Storslett frå Todalen I.L. Foto. Jon Olav Ørsal

Etter kvart kjem vi med bilder og omtale frå turen over fjellet – følge med på Todalen.no!  God tur!

Publisert: 10. september 2017, 10:11