Den første bussen med deltakarar er forlengst komen til Todalen og dei første deltakarane er på veg opp lia i retning Ålvundeid. Eit stort trettital starta iløpet av den første halvtimen, men starten går heilt fram til kl 11. Leiar i Todalen I.L. Steinar Frøystad lika dårleg regnbygene i dag tidleg, men trøsta seg med at det var meldt likare vêr utover dagen.

Marit S. Søyset var først ute – lars kvendset og Steinar Frøystad tek i mot påmelding, medan odd helge Innerdal ventar på bussen frå Ålvundeid. Foto: Jon Olav Ørsal
Ruta over fjellet er på 13 km og går over Vardan som ligg på 850 m.o.h. Det er lurt å ta med god med klær og mat på turen over fjellet. – Yr.no melder etter kvart lettare vêr utover dagen – her kan du sjå timesvarsel for området .