Dei første deltakarane er forlengst på veg over fjellet frå Todalen til Ålvundeid som deltakarar i Trollheimsmarsjen 2014. Med sol frå blå himmel og rundt 15 varmegrader blir det nok ein kjemfin tur over fjellet til Leikvoll stadion på Ålvundeid. I 9.30-tida var det 70-80 deltakarar som hadde stukket til fjells, men det er høve til å starte fram til kl 11.00 frå Bordholmen stadion i Todalen.
Ruta for Trollheimsmarsjen går frå Bordholmen og etter merka løype opp lia til Ørsalsetra og vidare over fjellet til Vardan. Ned mot Ålvundeid går ruta ned Børsetlia, og til målgang på Leikvoll Stadion på Ålvundeid. Todalen.no vil kome med bilder frå turen over fjellet og frå målgangen på Ålvundeid i løpet av kvelden.