Førstkomande søndag, 31. august går årets Trollheimsmarsj frå Todalen, over Vardan og til Ålvudeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen og Todalen I.L., og har start på Bordholmen og innkomst på Leikvoll stadion på Ålvundeid. På turen over fjellet legges det opp til konkurranse med natursti, og ved målgang er det trekning av fire gåvekort og mange andre premiar på startkortet.
Fakta om Trollheimsmarsjen:
Distanse: 13 km i variert terrreng
Tidsbruk: ca 5 timar i vanleg turisttempo (pausar i tillegg)
Turens høgaste punkt ligg på ca 850 m.o.h. ved Vardan
Praktiske ting om Trollheimsmarsjen:
Start frå Bordholmen stadion mellom kl 8.30 og 11.00
Målgang på Leikvoll innan kl 17.00
Busstransport frå Leikvoll til Bordholmen før start og etter målgang:
Bussavganger før start kl 7.45 – 8.45 og 9.45
Bussavgangar etter målgang kl 15.15 – 16.15 og 17.15
Det blir høve tuil dusjing på leikvoll stadion etter marsjen.
Deltakaravgift kr 100 for vaksne og kr 50 for born (under 16 år)
Born kan delta i følge med vaksne
Salg av middag på leikvoll
Påmelding ved start på bordholmen, der du får startkort
Ta med nok mat og klede på turen!
Her kan du laste ned plakaten som PDF-dokument
Arrangør: I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i samarbeid.