Bli med på kulturvandring frå Todalen til Ålvundeid. På vegen blir det både historier og skrøner om samkvemmet mellom bygdene, og om kulturen for bruk av fjellet. Turet vert eit årleg arrangement fram til Trollheimstunnellen opnar.
Praktiske ting om Trollheimsmarsjen:
- Start frå Bordholmen stadion i Todalen mellom kl 08.30 og 11.00
- Målgang på Leikvoll stadion på Ålvundeid innen kl 17.00
- Busstransport frå Leikvoll til Bordholmen før start og etter målgang.
- Bussen koster 50 kr og inkluderer fergebillett.
- Bussavganger før start kl. 07.45, 8.45 og 9.45.
- Bussavganger etter målgang 15.15, 16.15 og 17.15.
- Det vil bli trekning av fleire fine premiar.
- Høve for dusjing på Leikvoll stadion etter marsjen.
- Deltakaravgift kr 100 for vaksne og kr 50 for born (16 år).
- Born kan delta i følge med vaksne.
- Salg av middag på Leikvoll.
- Påmelding ved start på Bordholmen, der du får startkort.
Fakta om Trollheimsmarsjen:
- Distanse: ca. 13 km i variert terreng.
- Tidsbruk: ca. 5 timar i vanleg turisttempo. (Pausar i tillegg.)
- Turens høgaste punkt ligg på ca. 850 m ved Vardan.
Det er god turskikk å ta med godt med klær og mat. God tur!