Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimen – Raudt farenivå (høgste nivå) for snøskred

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. april 2021

Varsom.no melder at det er farenivå 4, høgaste farenivå, for snøskred i Trollheimen både i dag og i morgon (laurdag og søndag). Dette skuldast at nysnøen som har kome dei siste dagane, kombinert med vind, har bygd opp ustabile fokksnølag som lett kan kome i bevegelse. Sør- og vestvende heng er mest utsett, men vind gjer at snøskred kan bli utløyst i alle himmelretningar.

Unngå difor terreng brattare enn 30 grader og utløp-soner for snøsred. Så skal du ut på tur i dag, eller i morgon, så er det all grunn til å vere ekstra påpasseleg med tanke på turmål og ruteval. Planlegg turen slik at du unngår å kome inn i områder med snøskredfare. 

For ytterlegare informasjon og råd, trykk på lenka varsom.no

 

Publisert: 10. april 2021, 05:51