Vassverket som sørger for vassforsyninga på Hala og Husby, samt Smålandsgrenda slit med vasslegeransen. Problemet har oppstått i løpet av natta, og i føremiddag har det pågått feilsøk på anlegget. Situasjonen er enno uavklart, men ei liten lekkasje er funne og er reparert.
Det er tidvis litt vatn i kranane, men det er utan trykk og sterkt redusert mengde. Det er forøvrig sendt ut melding til abonnentane i vassverket, med påbod om kokinga av vatn til matlaging og drikkevatn. Anders Talgø i vassverket håper dei snart finn feilen og at leveringssituasjonen kan bli normal etter kvart.
Etter kvart normal drift:
Feilen er funnen og retta, og etter kvart vil det bli normalt trykk igjen. Vasslaget ber abonnentane koke vatnet til tysdag morgon, da det kan ha kome lort inn i rørene, blir det meldt.