Surnadal Pensjonistlag inviterer til «Trivselskveld» på hotellet 19. april klokka 19:00. – Dette har blitt mest som ein tradisjon at Surnadal Pensjonistlag steller til «Trivselskveld», seier Kristian Ranes i Pensjonistlaget.
– Først får vi servert heilsteika ytrefilet av storfe med potetmos og omnsbaka asparges, tomat og soppsaus. – Til dessert mangoterte toppa med friske bær og krem og kaffe, kan Kristian vidare fortelje.
– Så går vi til Gladlaxen der det blir dans til Trond Larsens trio. Så får vi sjå kor det går!, legg han til.
Pris for medlemmer er kr 400,- pr person, medan prisen for dei som ikkje er medlem, er kroner 450,-.
Påmelding til Anne-Sissel på telefon 917 20 573 eller Bitten på telefon 926 11 826. Påmeldingsfrist er 31. mars.
Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt!