Etter mange solrike og varme dagar skya det over søndag, og natt til måndag regna det godt; godt for alt som veks i jorda. Men måndag da kløverturgjengen starta frå Halsbua, var det opphaldsver, god temperatur og mestå sol. Altså ideelt turver.

I Gunnøya. Frå venstre: Åse Johanne, Marit, Arndis, Dordi, Jorunn,, Synnøve, Kari, Sigrun, Eli. Foto: Dordi J H
Det vart nok ein kløvertur etter Toåa tursti. Det er kjekt å gå der: høveleg lang tur, lett og trygt å gå for alle og ikkje minst så er stien stort sett så brei at ein kan gå og prate undervegs! I tillegg er det fine rasteplassar, og det er idyllisk langs elva.
Toåa var stor i dag, og det var vatn i delar av ruta. Men ikkje problem å ta ein liten krok gjennom skogen så kjem ein fram.

Dordi Ingeborg viste turfølget ein lita, litt unnseleg plante med rosa blomster med 5 kronbalad, glatt, tynn stengel og litt breie,nesten hjarteforma blad. Ingen visste namnet, så da blir det «ugras»?! Foto: Dordi J H
Veit du namn på denne planta?

Veit du namnet på denne blomsteren? spør Dordi Ingeborg. Han veks i Toåa tursti skogen mellom Båthølen og Bønnavollan. Foto: Dordi Ingeborg Finborud.
Måndag om ei veke, 29. juni, er det siste Kløverturen denne sesongen. Da blir det også tur med start frå Hals/Matkroken. Når det lir ut i august, blir det nye Kløverturar. Da er det å håpe at smittesituasjonen er slik at det kan bli samkjøring med bil til andre turmål og kanskje rusleturar med servering.