Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg treff i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. januar 2023

Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28. januar.

Helen og Arndis var vertinner. Foto: Marit Sanden Søyset.

Flittige damer. Dordi, Synnøve G, Jorunn, Synnøve T, Tora, May-Elisabeth. Foto: Marit Sanden Søyset.

Arndis Søyset og Helen Saksen er ansvarlege for strikkekaffeopplegget sanitetsforeninga, og dei var også vertinner og stilte med nydeleg bakst og kaffe.

Arndis og Helen syntest det var stor stas at så mange møtte fram og så kjekt at det kom folk frå andre sida av fjorden. Triveleg å treffast til prat og hyggeleg ettermiddagsstund!

Triveleg lag! Tora, May-Elisabeth og Sigrun. Foto: Marit Sanden Søyset.

Randi, Sigrid og Jenny set pris på å treffast til strikkekaffe. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det blir strikkekaffe slik om lag 3. kvar laurdag utover vinteren; godt at sanitetsforeninga legg til rette for gode møteplassar i bygda.

Mange takk til Marit Sanden Søyset for bilete og informasjon!

Fleire bilete:

Triveleg treff. Grete, Gro og Jorunn fremst. Foto: Marit Sanden Søyset.

Tid for servering!. Synnøve, Tora, May-Elisabeth og Sigrun. Foto: Marit Sanden Søyset.

Arndis serverer Ingeborg, Kari og Åse Johanne. Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 29. januar 2023, 12:35