I fjor bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning i Brusetmarka etter fleire års pause. I år kunne ein laurdag føremiddag tru at den planlagde julegrantenninga skulle regne og blåse bort, men det stilna heldigvis til kvelds, juletreet stod støtt og vart tent! Det er vel berre å slå fast at «godt folk har godt ver»!
Treet var riktig så fint, og det er Kristen Bruset som har vore på juletrehogst.

Justyna, Julia og Aleksandra syntest det var kjekt å vere med på tenning av juletreet. Foto: Dordi J.H.
Brusetmarka Vel hadde ordna med pepperkaker, gløgg og mandarin som vart serverte i garasjen på Trudvang. Heile 28 personar hadde møtt fram, både små og store kosa seg. Folk prata og fortalde gode historier, det er kjekt med trivelege møteplassar i lokalmiljøet.

Folket ovanfor Falla møtte mannsterkt opp. Frå venstre Anita Talgø, Svein Talgø, Berit Pauline Kårvatn og Karen Johanne Talgø. Foto: Dordi J.H.
Elles er både Hengebrua og hus fint julepynta innover Brusetmarka. Da er det berre å håpe på at det snart blir snø i julegrana i Trudvangkrysset.

Mange møtte fram til julegrantenninga i Trudvangkrysset – dei syntest dette er ein god tradisjon. Foto: Dordi J.H.